I gamal tid vart rakfisk produsert for å bevare maten over lenger tid. Dagens produksjon er ganske lik, og med
moderne hjelpemidlar lager vi ein rakfisk med særs jamn kvalitet i smak og konsistens.
Fagmiljøa ved Nofima og Matmerk har gjennom mange år bidrage med god kompetanse. Vi har også eit godt samarbeid med Mattilsynet i Valdres, som tar rutinemessige stikkprøvar. Vårt eige interne kvalitetssikringssystem (IK- mat) er kontroll av alle trinna i vår produksjonsprosess. Produksjonslokalane er inndelt i soner, har overtrykk og tilførast UVC- rein luft. Etter reinhald av lokalane og utstyr, blir det desinfisert med UVC- lys.